Fyrst og fremst er desember ein mørk månad. Allereie i november merkar me korleis nettene blir lengre og lengre, men det er først i desember at dette altomslukande mørket dominerar heile månaden. I tillegg byrjar kulda å komme for fullt. "Klimakrisa" har ordna det slik at dei virkelig kalde nettene, dvs med frost, ikkje kjem før i desember. Når været er på denne måten passer det ypperleg å sitte inne å varme seg, eller være ute i kulda for deretter å gå inn i varmen. Ein god kopp kakao og ei eller ein å varme seg på. Om me er virkelig heldige kan me sitta å sjå på snøen utanfor, og innerst inne så kjennar me i dette augeblikket at livet ikkje er så verst. (til tross for den økonomiske byrden som dominerar desember) Det er fint det.
Desembersongen er laga og framført av Dance with a Stranger frå Kristiansund. Gruppa vart stifta i 1984 og det mest kjende medlemet er kanskje Øivind "Elg" Elgenes som deltok i "Det store korslaget." Gamlingen, som er grunnen til at eg oppdaga denne songen, er veldig glad i Forde Alnæs sine gitarkunster. (Mest av alt forde dei har spillt saman) Songen heitar "Long December Nights" og er ein vakker stemningsmelodi om å holde fast på dei kjende og kjære gjennom den mørke tida. Enjoy!
Dance with a Stranger - Long December Nights:






