Dette innlegget skal derfor handle om ei kake, fasikenkake, som i grunnen er ein fantastisk samlebetegnelse for ein type bakeverk som ellers ville ta ganske lang tid å utdjupe. (Derfor gjer eg det for deg) Det heile byrjar som ein historie frå mor mi sin barndom. Hennar mor, mi mormor, må vel kunne seiast å være ein sånn heilt grei kjøkkenslave. Ho lagar verkeleg god mat, men i følgje mi eiga mor har ho våre mindre heldig når det kjem til bakeverk, og spesielt kaker. Det var stort sett alltid noko gale. Enten hadde kaka steikt for lenge, eller så hadde kaka sokke saman på midten. Den aller vanligste reaksjonen når mormor opna døra til steikeomnen blei derfor: "Nei fasiken!" Etter kvart blei fasiken namnet på alle kakene mormor laga, og etter som uttrykket har gått i arv kan eg i dag dela det med deg. For å oppsummera er altså ei fasikenkake ei random kake som ikkje vart slik ho skulle. Du treng altså ikkje lenger forklare for selskapet kva som gjekk gale, du kan berre presentere kaka som ei fasikenkake. Vel bekomme...
Culture shock...
5 timer siden

3 kommentarer:
Fasikenkake er herved lagt til i mitt vokabular.
Eg trur det er ein common feature på mormødre - mi kan heller ikkje bake, men ho er en reser på stort sett alt anna, ho er mellom anna ekspert på polentapudding av den gode, gamle sorten. (Ja, eg er 90 år i hovudet.)
Det var altså det jeg laget den dagen da den første gikk i fryseren i håp om at den skulle komme på bedre tanker, og det andre gikk tilTrude. Hun spiser som kjent alt bare det er kalorier. To fasiken - jeg ville sagt filler'n - kake på samme dag, er det rekord eller?
Hilsen svigers
Legg inn en kommentar